Kristina
03 June 2009 @ 02:18 pm

Eg har vore på fjellet i pinsehelga, i eit nydeleg vèr! Fekk faktisk noko som kan minne om litt farge! Eg er vanlegvis like bleik sjølv om eg går ute i sola heile sommaren, og får stort sett berre lett solforbrenning og overdose av fregner på nasa.

Det var iallefall godt å komme seg vekk litt, men eg fekk desverre ikkje slappe 100 % av sidan eg måtte lese til eksamen. Men i morgon kl 12.00 startar sommarferien min! Då er semesterets siste eksamen overstått. Det er faktisk sannsynlegvis den aller siste eksamenen eg kjem til å ta! Skummelt faktisk. Men litt godt også!

Og så var det over til dei obligatoriske bileta frå helga;

 

 

 

+7 )

 
 
Kristina
26 May 2009 @ 03:58 pm

Argh, berre nokre dagar til eksamen. Eg burde lest idag, men eg har ei slik hodepine at eg maktar ikkje å konsentrere meg om virologi akkurat no.

Og så til noko heilt anna, nemleg kjøkkenet. Forrige mnd hadde naboen i leilegheita ovanfor ein lekkasje, og eg var så heldig å få alt såpevatnet frå dusjen til vedkommande rennande ned gjennom kjøkkentaket mitt. Dette resulterte sjølvsagt i ein voldsom ståhei, og lekkasjen vart fiksa nokså kjapt. Ulempa var jo sjølvsagt at kjøkkenet ikkje hadde så veldig godt av såpevatn, og alt det fuktige treverket må skiftast ut. Så no har det komme ein gjeng handymenn og rive ned kjøkkenskap og veggplater, og det heile ser ikkje så veldig smakfullt ut akkurat no. Eg trur kjøkkenbenken også må bort medan arbeidet pågår, samt oppvaskmaskina. Det kan altså sjå ut som eg må gjenoppta kontakten med my long lost friend, Zalo.

 

Buuu, så stygt.

 
 
Kristina
19 May 2009 @ 05:02 pm

Idag har eg vore på Fretex og kjøpt meg Norgesglas, verdas koselegaste matoppbevaringsløysing ♥

 

 
 
Kristina
18 May 2009 @ 02:11 pm

Så var helgas feiringar over og drittvèret har komme til Bergen.

Lørdag 16 mai var me ein liten gjeng i leilegheita mi som drakk vin og pilla reker for harde livet. Reker ser jævlig ut og luktar drit, men likevel stappar eg i meg som ein uteliggar som ikkje har sett ordentleg mat på fleire veker.. Me var fast bestemt på å ikkje sjå på Eurovision Song Contest – let’s face it, det er vel stort sett pensjonistar som likar å sjå slikt. Det er jo aldri den beste songen som vinn uansett, og heile greia er stort sett uinteressant og full av elendige bidrag ein nesten blir flau av å høyre på. Likevel kom tv’en på litt utpå kvelden – det er rart med det…ein liksom sjå på, og ein vert merkeleg avhengig sjølv om ein heller vil døy enn å innrømme det. Me fekk med oss siste del av poengutdelinga, og det vart til slutt klart at Norge faktisk vann.

Sitat Ole: “åh så flaut”.

Ellers vart det ein roleg 17 mai på meg. Eg reiste ikkje heim til Dale, men blei i Bergen. Eg fekk ikkje brukt bunaden min, for den heng på Dale hjå foreldra mine og eg har strengt tatt ikkje tenkt over det. Men det var uansett så varmt at eg hadde sikkert krepert av svette og ull-kløe-helvete uansett, så det var kanskje like greitt å skippe bunad for ein gongs skuld. Eg, Ole og Heino tok bussen til sentrum for å treffe søstra til Ole og sambuaren hennar. Me spaserte litt rundt før me tok oss ein utepils på Bryggen og nytte finvèret. Dagen vart også redda for Heino då han fann seg noko pølseskinn langs fortauet. Han vart også filma av ei vilt framand dame som tydelegvis fall for sjarmen hans. Og ho var ikkje den einaste – det verka som om Heino dreg fram morsinstinktet i folk. Dei både peika og begynte å bable babyspråk med lys stemme då dei fekk sjå han. Yes, min hund the heartbreaker.

Kvelden vart avslutta med grilling på verandaen saman med Angelica og Ole.

 
 
Kristina
15 May 2009 @ 01:36 pm

No nærmar det seg eksamen, og eg tilbring stort sett dagane til å lese om virus – min verkeleg STORE pasjon her i livet. Eg har faktisk ingenting betre å ta meg til, og eg nyt verkeleg å sitte inne bak fortrekte gardiner og fordjupe meg i virusets fantastiske og underlege verd medan sola skin ute. Ahh, dette er livet.

NOT!

Det som er typisk med eksamenslesingsperiodar er at været alltid er så uforskamma bra at eg berre har lyst til å grine fordi eg må sitte inne og lese. Kor ofte har me så fint vèr her i BERGEN liksom?! Eg er sikker på at med det same eg går ut av eksamenslokalet vil himmelen revne og syndefloden slå meg til bakken.

Sukk.

Jaja, det er i det minste èin som har anledning til å kose seg i finvèret;

 
 
Kristina
13 May 2009 @ 11:10 pm

Eg og Ole har leika oss med såpebobler idag.

 

+5 )

 
 
Kristina
02 May 2009 @ 08:09 pm
snø  

 

+2 )

 
 
Kristina
30 April 2009 @ 03:06 pm

Yes, eg er i live.. Har visst heilt forsømt Livejournal i det siste, men no trur eg at eg har fått ånden over meg att. Og så har eg akkurat oppdatert MSN'en min, og då fekk eg Windows Live Writer med på lasset og er nokså imponert her eg sitt og testar det ut for å oppdatere LJ’en min.. :)

Ellers så har det skjedd saker & ting her. Eg slapp å flytte frå leilegheita! Eg var nemleg på kurs i samanheng med jobben for ein mnd sidan, og der traff eg Wenche, ei jente som jobbar på avdelingen ovanfor meg, og som trong ein plass å bu. Så ting ordna seg veldig fint, og no er eg kjempenøgd. Ho flytta inn for et par veker sidan, og me har strengt talt ikkje sett så kjempemykje til kvarandre sidan eg ofte er ute og på besøk til Ole, og ho er også eindel på besøk hjå kjærasten sin. Men alt i alt trur eg nok ikkje det vert noko problem å bu med ho! ..det er jo alltid litt rart å skulle flytte inn med komplett framande folk. Men ein vert jo alltids fort kjend! Wenche har overteke mitt rom, og eg har flytta tinga mine inn på Angelica sitt gamle rom som er ein god del større. Ahh, godt med god plass! Har vore på Ikea eit par gongar for å få tak i oppbevaringsløysingar og anna dill, slik at eg kan ha rotet mitt i ein fin innpakning :) Eg har forresten funne ut at eg har eit nokså ambivalent forhold til Ikea. Eg elskar prisane, men hatar å handle der..

No skal eg snart ned til Ole for å ete middag, og så skal eg på Brann-kamp med Angelica seinare i kveld, hurra :)

 
 
Kristina
13 March 2009 @ 05:14 pm


Då har eg altså vore på visning idag. Det var nok ikkje noko å rope hurra for. Med det same eg steig inn i gongen kjende eg ei blanding av gammalmannslukt og gammal røyk, skikkeleg ubehageleg. Men eg tenkte at eg skulle likevel gje det heile ein sjans og la huseigaren få vise meg rundt. Det vart ikkje noko særleg betre etterkvart for å sei det sånn. Stilen var håplaus gammaldags og 70-80 tals - heile leilegheita skreik etter ei oppussing. Bada såg heilt for jævlige ut. Reine og greie, men herregud dei trong verkeleg oppgradering. Rommet som var ledig var slett ikkje 30 kvm som det sto i annonsa, det er eg 100% sikker på! Men det var no plass nok. Huseigaren var veldig koseleg og alt det der, men så fekk eg vite at dei to eg skulle dele med dersom eg flytta inn var han sjølv og sonen hans. Ehm, det er vel litt spesielt er det ikkje? Eg veit ikkje heilt om eg er komfortabel med den ordninga.. Eg fekk imidlertid helse på sonen, som var like gammal som meg. Han virka også grei, og han såg faktisk slett ikkje så verst ut ;) ..men det hjelper jo lite når leilegheita er ei rønne. Jaja, kanskje det er å overdrive, men det såg i allefall ikkje så veldig innbydande ut. I kjellaren var det fullt av boder, men alle var stappfulle av skrot. Midt ute i hagen låg ein robåt i tre, og huseigaren bedyra fleire gongar i løpet av visninga at "dette og dette skal vekk, og dette skal eg fikse opp og selje..osv". Tvilar på det skjer med det fyrste. Ein ordentleg skrotnisse med andre ord!

..så thanks, but no thanks. Greitt nok at eg får lov til å ha Heino der, men eg gidd ikkje ta kva som helst likevel!
 
 
Kristina
12 March 2009 @ 06:17 pm
På tide å skrive litt igjen!

Mykje har skjedd her; Angelica (ho eg bur med) har kjøpt seg leilegheit og skal difor flytte i løpet av april. Noko som ikkje var heilt planlagt frå starten av.. Planen vår var jo at eg skulle bu her ut sommaren til Jarle kom tilbake frå Svalbard, men slik vert det altså ikkje no. Ho har tilbudt meg ein plass i den nye leilegheita si dersom eg ikkje fann nokon andre som ville flytte inn her med meg, eller dersom eg ikkje fann meg noko anna sjølv...men om eg flyttar med ho så må eg jo likevel flytte ut etter sommaren når Jarle kjem att, for då skal dei to bu ilag. Menmen, eg gjekk i allefall i gong med å ringe på hyblar, samstundes som eg sette inn annonse for å få inn folk her. Det gjeld jo å vere effektiv og open for alt. Eg fekk litt respons på leilegheita med det same, og det var til og med ei veldig koseleg jente som kom på visning. Ho likte veldig godt både meg, leilegheita og Heino, men måtte åtvare meg om at kjærasten muligens var allergisk så ho vart nøydd til å snakke litt med han før ho var heilt sikker på om ho ville flytte hit eller ikkje. Det ville jo vere veldig dumt om han aldri kunne kome på besøk, eller vart dårleg kvar gong ho kom til han full av hundehår på kleda. Etter nokre dagar meldte ho avbud, så då var det toget gått.

Men, så var det jo mi eiga leilegheitsjakt då.. Som sagt har eg også ringt eindel rundt i tilfelle eg skulle finne meg ein annan plass eg kunne flytte til. Men det har vist seg å vere ei jævlig oppgåve, mildt sagt. Eg hadde verkeleg inga aning om at det var så mange som er allergisk mot hund. Men eg har ein mistanke om at ganske mange er "allergiske", i hermeteikn.. Eg har ringt rundt på kjempemange hyblar, og der det ikkje er snakk om allergi så er det husverten som ikkje tillet husdyr. I forgårs fekk eg endeleg eit gjennombrot; ein husvert som ikkje såg noko problem i at eg hadde Heino med meg på flyttelasset! Eg var i ekstase. Men han måtte sjølvsagt snakke med dei to eg evt. skulle dele leilegheit med. Igår fekk eg svaret; ein av dei var allergisk mot hund. Sjølvsagt. Så eg datt jo heilt i do, eg hadde jo aldri vore så nært før!

..men så kom det eit nytt gjennombrot idag; eg fann ein plass som verka super. Det var ikkje lagt ut bilete av leilegheita, men ut frå beskrivelsen høyrdes det kjempebra ut. Dele med to andre, og rommet som var ledig var 30kvm stort og hadde eige bad. TRETTI kvm.. det er jo DØDSgod plass, då har ein jo eiga stove då! Og det kosta ikkje allverda heller, nesten for godt til å vere sant. Så var det eit felles kjøkken, felles tv-stove og vaskerom. Men hallo, når ein har så stort rom treng ein jo strengt teke ikkje noko ekstra stove, så dei ein deler med vert vel meir som naboar enn sambuarar. Vel, naboar ein delar kjøkken og vaskerom med. Og så ligg det ENDÅ nærare hybelen til Ole enn her eg bur no (det tek 10 min å gå frå meg til han no). Bonus! Uansett, eg ringte huseigar med låge forventningar om å få ha hund der. Men ein må jo berre prøve likevel! Eg holdt jo omtrent på å dette av stolen når han sa det var i orden! Det var visst ei som hadde budd der som hadde ein liten kvalp, men ho ville flytte fordi ho syns ikkje det var så egna med hund pga mange trapper. Eg forklarte at verken eg eller Heino har problem med trapper, hehe. Så slik eg forsto det er det ho med hunden som skal flytte ut no, for det var visst ikkje noko tema for huseigar å snakke med dei andre om dei syns det var greitt at eg flytta inn med Heino. Han nemnte aldri noko om det iallefall. Så eg måtte berre kome på visning! Så no skal eg ned og kike i morgon kl 14.. Men med mindre det ser ut som eit komplett høl så tek eg det. Viss eg får det sjølvsagt. Sjølv om eg aldri har vore så nær før, så tør eg ikkje HEILT å håpe for mykje. Sjølv om det er vanskeleg! Eg skal ta på meg mitt beste fyrsteinntrykks-fjes og overbevise huseigaren om at eg er supergrei og alle tiders, og at eg berre MÅ få flytte inn :)

Ønsk meg lykke til!

The end om kjedeleg leilegheitspreik!